Videodigitalisering


Har du gamle videoopptak liggande som du ikkje får sett?

Digitalisering

Skal du ha konfirmasjon,
jubileum eller andre markeringar er det veldig kjekt å kunne vise ein liten film om vedkomande person(ar).

Opptaka blir digitalisert til dataformat på ei datamaskin, og kan leverast på DVD, minnepenn eller ekstern harddisk. Opptaka kan då enkelt redigerast, og delast med andre.

Ein del nyare tv kan også vise film direkte frå USB minnebrikke/-harddisk.

Fylgjande format kan digitaliserast:

Video 8 Hi 8 Mini DV VHS VHS-C

Video 8, Hi 8, Mini DV, VHS, VHS-C

Kassettane blir digitalisert, og tomme/blanke område blir fjerna. Anna redigering er ikkje inkludert. 

Filmane kan lagrast i to format, Windows media format (.wmv) og Sony format (.mp4).
Dette for å prøve å sikre betre kompabilitet i forhold til framtidige format. 

Prisar:

Digitalisering av videokassettar til digitalt format:

  • 125,- pr. videokassett inkl. mva 

Lagringsmedia

  • Som datafiler på DVD plate:
    10,- pr plate.
    Det er plass til ca 2 timar video pr. DVD
  • 4, 8, 16 eller 32 GB minnepinne:
    Pris varierar etter størrelse på minne.
  • Ekstern USB harddisk:
    Kr 800,-*
  • Sandisk memory vault 16 GB:
    Sandisk memory vault
    Dette "minnevelvet" er i motsetning til andre minnebrikker testa til å halde på data i opp til 100 år.
    Sett bort i frå ein litt høg pris er dette etter mi meining det beste alternativet for langtidslagring av data på markedet i dag.
    Les meir her.
    Kr 780,-*


1 time film tilsvarar ca 2 GB lagringsplass.

*- Prisane kan variere.


Levering/henting i Rystefeltet i Ørsta, sjå kart i menyen til venstre.
Evnt. kan det avtalast henting/levering i Ørsta, Volda, Ulstein og Skodje.
 


Redigering 

For å kunne redigere filmane treng du eit videoredigeringsprogram.

Eit enkelt og greitt program til Windows kan du laste  ned gratis her:

Windows Movie maker 

Her finn du også ein del nyttige tips til redigeringa.

 


 

Klikk her for å sjå eksempel på kvaliteten:

(Visninga her er i 320*240. Klikk her for å åpne direkte i Media player)

 


 Langtidslagring av data

Dagens former for lagringsmedium (DVD, minnepennar, Harddisk) har ei oppgitt levetid på opptil 10 år. 

For å sikre langtidslagring av digitale data er det anbefalt å kopiere data til nytt medium ca. kvart 3-5 år.
Når det gjeld framtidige lagringsformat på videofiler er det vel ingen som kan sei sikkert kva format som vil bli brukt.
Les meir om langtidslagring av data her.