Domenenamn

Ein av dei viktigaste tinga ein må gjere når ein startar ei ny bedrift er å bestemme eit namn.

I denne prosessen bør ein også tenke på at ein etter kvart skal ha ei nettside.
Sjekk difor om namnet er registrert frå før, t.d. på Domeneshop

Ein del domenehaiar sjekkar også Brønnøysundregistera og kjøper opp namn på bedrifter som vert registrert der.
Det er difor viktig at ein kjøper domenet før det blir oppteke.

 

Oppsett av nettsider.

Eg kan setje opp enkle nettsider for småbedrifter og enkeltpersonforetak.

Joomla i Norge
Systemet eg brukar er Joomla, som er eit mykje brukt system til nettsider og bloggar.
Dette systemet er laga for å gjere det enkelt for fleire personar å legge inn, og redigere, informasjon på nettsidene.

Eksempel på standardmalar som ligg i systemet:
Nettsidemal Nettsidemal Nettsidemal
Sjå også her.

* - Eit webhotell er ein plass å lagre sidene på nettet, og det fins mange ulike leverandørar.
Eit Medium abonnement
hos Domeneshop t.d. har 1 GB lagringsplass og opp til 50 epost kontoar til ein pris på 30,- pr. månad.
I tillegg kjem ei årsavgift på 140,- for .no domenenamn (eks. www.nygard3d.no).

 

Ta gjerne kontakt for eit uforpliktande møte, der vi kan diskutere kva som kan gjerast for deg og di bedrift

Kontaktinformasjon og prisar m.m. 


 

Eksempel på nettsider eg har sett opp:

- Ørsta Røde Kors
- Volda Ørsta flyklubb
- Naturfestivalen
- Saudehornet Rett Opp